![]() | MONS21: 21. møte om norsk språk University of Agder Kristiansand, Norway, November 25-27, 2026 |
| Conference web page | https://www.uia.no/om-uia/fakultet/humaniora-og-pedagogikk/arrangementer/kurs-konferanse-seminar/mons21.html |
| Submission link | https://easychair.org/conferences/?conf=mons21 |
| Submission deadline | August 16, 2026 |
MONS er den største konferansen for utforsking av norske språk og det viktigaste forumet for utveksling av resultat, idear og synspunkt knytt til forsking på norske språk uavhengig av særdisiplin og teoretisk retning.
Konferansen har blitt halden annakvart år sidan 1985 og vender seg til forskarar og masterstudentar. MONS 21 finn stad på UiA campus Kristiansand 25. nov. 2026 – 27. nov. 2026.
Konferansen er open for alle bidrag som tek opp norsk språk, medrekna norsk teiknspråk. Rammene er 20 minutt presentasjon og 10 minutt til spørsmål og forflytting mellom sesjonar. Frist for innsending av samandrag til presentasjonar er 16. august. Ein kan berre stå som førsteforfattar på eitt innlegg og delta på maksimalt to.
Det blir som vanleg mogleg å arrangere dugnadsgrupper. Dugnadsgruppene skal ha eit klårt avgrensa tema. Dei organisatoriske rammene vil vere like som for ordinære innlegg: 20 minutt presentasjon og 10 minutt til spørsmål og overgang mellom sesjonar. Send inn idear til dugnadsgrupper seinast 15. juli (ny frist) til e-posten mons21@uia.no. Innsendingar skal ha ein kort omtale av tema, oversikt over innlegg/titlar, ansvarleg(e) for gruppa og grunngjeving av kvifor emnet bør drøftast i ei dugnadsgruppe. Samandrag til innlegg i dugnadsgruppene må også sendast inn i easychair til den ordinære fristen, 16. august.
Vi opnar også for å presentere posterar. Desse vil bli vist i vrimleareala torsdag ettermiddag. Fristen for å melde på poster er også 16. august.

